Du er her: Askerdagen /
tips en venn
utskrift

Ingunn Bjørgo på Strunkeveko for tredje gong

Ingunn Bjørgo
Sjefs-AskerLadden, Ingunn Bjørgo, er selvfølgelig askerbøring, men har farsslekta og tradisjon fra Bjørgo i Valdres
Foto: Ingunns webside

Ingunn Bjørgo er av dei fremste utøvarane våre på toradar og trekkspel, og er ein av instruktørane på årets Strunkeveko. Ingunn er kjent som den blide frontfiguren i Askerladden og Ingunn Bjørgo Band. For tredje gong skal ho formidle sin musikkglede til unge utøvarar på Strunkeveko.

Eventyrlege folkemusikkdagar
Med nokre av landets beste instruktørar, eit imponerande konserttilbod, og mange sosiale aktivitetar er Strunkeveko å rekne som ein ungdomsfestival i folkemusikk og folkedans! Årets deltakarar kan vente seg ei eventyrleg Strunkeveko i slutten av juli. Aldri før har det stått fleire konsertar, aktivitetar og kurstilbod på programmet! Me er heldige som har klart å få hit så mange av dei mest profilerte unge folkemusikarane i landet, seier Stian Roland, dagleg leiar for Strunkeveko.

I tillegg til kurs i fele, hardingfele, song, langeleik, toradar og halling, kan Strunkeveko lokke med kurs i "folkemusikk, dans og teater" og samspel. Alle deltakaren og instruktørane skal vera med på den store avslutningskonserten "SLÅTT . Under leiing av Andreas Ljones og Sigrid Moldestad skal utøvarane ta tak i stemningane, klangane og historiene som finst i dei ulike slåttane.

Ministrunk og Dans og uttrykk
For fyste gong finst det no eit tilbod også for dei aller yngste. Ministrunken byr på dans, spel og moro for ungar mellom 6 og 11 år. Dette kurset føregår på dagtid på Valdres folkemuseum tysdag og onsdag parallelt med Strunkeveko.

Strunkeveko har også nye tilbod for dei aller eldste. I samarbeid med prosjektet Lea de - bygda dansar i Oppland, kan danseinteressert ungdom få arbeide med å utvikle sin eigen dans under rettleiing av dei fremste norske folkedansarane me har.

Påmeldingane til Strunkeveko har allereie byrja å strøyme inn. Dei reknar med god påmelding i år som før, med deltakarar frå alle kantar av landet. Me håpar att fleire deltakarar frå Asker og omegn blir med og set sitt preg på Strunkeveko melder dagleg leiar, Stian Roland.

For meir informasjon sjå: www.strunkeveko.no


Oppdatert: 30.04.2008 14:02
av Carina Grelland Harsem



Følg Askerdagen på Facebook
Følg Askerdagen på Facebook
Galleri Online klikk her
Asker Sømservice
Klikk for mer info om MODUS
HOMESTARTINFO
Klikk for PDF-utgave av hele avisen

Last ned tidligere
utgaver av Askerdagen
papirutgave i
PDF-versjon.

Askerdagen.no ©
Utviklet av Renommé Communication